fredag 30. desember 2016

Brørvikskuto og Norvald Bukkstein på NRK

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

2.juledag 2016 var me mange som benka oss framom fjernsynsapparatet medan me kryssa fingrane for at straumen ikkje skulle ryka "midt i"... I femte episoden av NRK-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" var Norvald Bukkestein og hans mangfoldige kunnskapar temaet, men også Brørvikskuto og Skutefolket vart synt fram i beste sendetid over det ganske land.

Klikk på lenka under, så kjem du direkte til episoden med Norvald'n og skuto:

Skutelogg frå 2016

Januar
26. januar: Mørketidssamling

Februar
23. februar: Mørketidssamling

Mars
15. mars: ÅRSMØTE

April
Datoar for vask og vårpuss finn du her
07. mai: Sjøsetting
21. mai: Siste frist for rigging
Mai/juni
3-8. juni: Filming på Bukkstein, vedalasting og byferd;
"Der ingen skulle tru..."

9-11. juni: Hansadagane i Bergen
23. juli: Mellesdalen?

Juli/August
30. juli: Fiskefestival og kulturdagar i Stamnes

September/Oktober
2-4. sept: Sandviksdagene
12-15. sept: Lyngheisenteret på Lygra
16-18. sept: Råseglseminar i Masfjorden?
Før skuta er på land: Segltur med konfirmantar?

Skuto lyt i naustet att...

fredag 2. september 2016

Sandviksdagene 2016

Komande laurdag og sundag går Sandviksdagene 2016 av stabelen. Grunna for lite mannskap kunne diverre ikkje Brørvikskuto vera med i år, men her er mange kjekke aktivitetar, stort sett av maritim art:

  • Turar med vikingskip, snekker og «Erkna»
  • Utlån av robåtar
  • Kajakkpadling for born 
  • Open smie
  • Lær taubruk og repslaging 
  • "Gullgraving" for barn
  • Steaming av båtbord
  • Sjå levande fisk i fiskekummen
  • Demonstrasjon av gamle båtmotorar
  • Maritim filmvisning 
  • Gratis adgang. Alle aktivitetar gratis. 

I denne lenka finn du meir informasjon om aktivitetane ved Kystkultursenteret.

Sandviksdagene inneheld også aktivitetar andre stader, mellom anna i Gamle Bergen der det er levande museum med tidsriktige familiar og leikepostar for born. Informasjon finn du i denne lenka.


søndag 12. juni 2016

Brørvikskuto i Vågen under Hansadagane 2016

9-11. juni vart Hansadagene 2016 tilskipa i Bergen. Både på land og sjø yra det av folk og kulturelle opplevingar i det nydelege sommarveret.

Brøvikskuto låg i Dræggen lasta med ved og smilande skutefolk som selde nysteikte mjølkekaker, samt løvetannsirup og granskotsirup frå indre fjordstrok. Den nye landgangen vart flittig brukt av nyfikne byfolk. Spelemann Trygve drog fram belgen, og det vart som seg hør og bør for bønder i byd'n ein og annan svingom på skutedekket.



 



 

 


onsdag 8. juni 2016

Brørvikskuto er lasta med... VED

Som ein del av innspelinga av TV-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i Veafjorden, vart Brørvikskuto i starten av juni lasta opp med naustturka ved frå Straume. Skuto rommar omlag 10 mål ved, og svetten rann stadig striare på sjauarane i solsteika. Då veden var vel ombord, sigla skuto til Bergen for å delta på Hansadagane 2016.

Kortid ei fullasta Brørvikskute vert å sjå på TV-skjermen er enno ikkje klart, men informasjon kjem når tida nærmar seg. Medan du ventar kan du nyta synet av ivrige arbeidskarar og ei skute som ligg stadig sidare i sjøen:







 

 




torsdag 19. mai 2016

Med bylgjer under kjølen

Bileta nedanfor er frå 07.mai 2016 då Brørvikskuto vart sjøsett på Kvamsholmen. Skuto vart seinare same dagen ført inn til Stamnes, og mastra vart rigga ved Handelslagskaien.

Legg særleg merke til bilete i midten der skuto nett har kjend bylgjene under kjølen, og den flotte vimpelen heng over ripa og vinkar i vinden.






onsdag 4. mai 2016

Sjøsetjing 2016

Brørviksuto kjem på sjøen laurdag 07.mai på flo sjø kring kl 12:00.
-
Det går skyssbåt frå Stamnes kai; møt opp kl 10:45.

Gjev gjerne beskjed til Andreas om du vil vera med:
Ring, eller send sms til mob 917 51 668.

Målet for dagen er at skuto også skal riggast med mast denne dagen. Dess fleire som er med, dess lettare går arbeidet. Og praten! Det meldast om fint vårver - så hiv deg med om du kan!!!


tirsdag 19. april 2016

Skuto snart på sjøen


Dyktige og dugnadsvillige skutefolk var på Kvamsholmen og vaska skuto laurdag, 4. april: Eldfrid, Kjell A., Per, Trygve og Ola.

Førre laurdag, 16. april, var oppgåva å smørja skuto innvendig, medan ho vart smurt innvendig måndagen.

Sjøsetjinga er sett til laurdag 07.mai; tidspunktet er avhengig av flo sjø.

Sjå elles HER for å finna ut meir om dugnadar, og kva Brørvikskuto skal i ferd med det komande året.

mandag 7. mars 2016

Brørvikskuto på tokt i 2016

Brørvikskuto og dugnadsgjengen Skutefolket har ei lang liste med (nokre sikre og andre mindre sikre) tokt i året som kjem. Allereie er det mange dugande folk som har sett seg opp på dei ulike oppdraga, men

HAR DU LYST Å VERA MED på noko, er det berre å melda frå!
Ta kontakt med ein av dei som allereie er sett opp,
eller leiar i Skutefolket, Helene Kvamme.

Oppdrag 1. NRK-filming: «Der ingen skulle tru…»
Fredag 3. juni: Klargjera skuto for vedalasting og byferd: Trygve, Ola, Andreas, Eldfrid, Oddny
Laurdag 4. juni – onsdag 8. juni: Vedalasting, segling til Bergen, lossing, reingjering skuto:

Desse har sagt dei kan vera med: Ove Gunnar, Norvald Bukkestein, Trygve, Andreas, Helene, Øystein, Kjell Leiren, Anita Harestad, Kjell Arnstein, Per, Sveinung, Oddvar Bukkestein, (Eldfrid, Oddny og Anny bidreg med mat lørdag)

Desse skal spørjast: Henning Thomsen (Sveinung spør), Leif Tøsse (Andreas spør), Ingvard (Oddny spør), Lars Olav (Oddny spør), Eirik (Ola spør)

Kjem du på nokon du kan spørja, eller koma sjølv, så treng me mykje folk. Alle kan ikkje vera med heile tida.

Oppdrag 2. «Hansadagane» i Bergen
Torsdag 9. juni – laurdag 11. juni.: Helene, Liv, Ben, Andreas, Ove Gunnar, Torill,
Skuto heimatt: ??

Oppdrag 3. Mellesdal?
Laurdag 23 juli: Ben.,

Oppdrag 4. Fiskefestival/Kulturdagar, Stamnes
Laurdag 30. juli: Kjell Arnstein, Kjell Leiren, Andreas, Helene, Ben., Oddny. 
Trygve lagar ny «gatebukk». Brus og kjeks til borna? Knop og knutar?

Oppdrag 5. «Sandviksdagane»
2.-4. sept.: Segla til Bergen: Andreas, Per, Ove Gunnar. 
(Skuto ligg i Sandviken til me skal til Lygra.)

Oppdrag 6. Lyngheisenteret Lygra.
12. – 15. sept.: Skuto på plass mandag 12. sept: Ola, Trygve, Andreas m.fl
Øvrig mannskap kjem på plass seinare.

Oppdrag 7.  Råseglseminar Masfjorden?
16.-18. sept.:

Oppdrag 8. Segltur (kveldstur) med konfirmantane?
Sept/Okt/Før skuto er kome på land...

Dugnadar våren 2016

På Mørketidssamlinga i februar vart vårens gjeremål knytt til klargjering og sjøsetjing av Brørvikskuto planlagd. Lista nedanfor viser kva som skal gjerast, og kven som har sagt at dei kan vera med. Som vanleg vert det båtskyss til Kvamsholmen frå kaien på Hedlo.

Vatn på Holmen
Dato: Før 4. april
Ansvar: Ola og Trygve

Vaska skuto / klar for smurning
Dato: Mandag 4. april kl 11:00
(Sjå over kva vi treng av tjøre/smurning/beis)
Ansvar: Ola, Trygve, Per, Ove Gunnar

Smurning innvendig
Dato: Laurdag 16. april kl 11:00
Ansvar: Sveinung m/fam., Henning ?, Helene m/fam., Ove Gunnar, Per

Smurning utvendig + årar, master, rå, veng m.m.
Dato: Mandag 18. april kl 11:00
Ansvar: Trygve, Oddny, Per, Andreas, Kjell Leiren

Sjøsetjing
Dato: Laurdag 7. mai kl ?
Ansvar: Andreas, Ola, Kjell Arnstein, Trygve, Kjell Leiren m.fl.

Rigging mast og segl
Dato: Siste frist laurdag 21. mai
Ansvar: Ove Gunnar, Kjell Arnstein

Om du har lyst til å vera med, ta gjerne kontakt med nokon som skal dit! 
Me har ALLTID plass til fleire nevar!


 

onsdag 6. januar 2016

Mørketidssamlingar 2016

På mørkaste tida, samlar Skutefolket seg igjen til å prata litt om året som gjekk - og mykje om året som kjem. Noter datoane for mørketidssamlingar, og møt opp til god drøs i godt selskap:

Tysdag 26. januar 2016 kl 19:00
Tysdag 23. februar 2016 kl 19:00
Tysdag 15. mars 2016 kl 19:00 (ÅRSMØTE)

Stad: “SJØTUN” på Stamnes