tirsdag 30. april 2019

Skutedugnad 27.april 2019

Rapport frå dugnad på Kvamsholmen, laurdag 27. april 2019:
Fem effektive karar møtte, og  gjorde skuto klar for utsetjing.
Dette vart gjort:To karar bunnsmurde skuto utanbords, medan tre karar la ned dørken, monterte løftinga, senka ned masta og beisa den, beisa vengtak og tofter, tok ned årane og råa og beisa desse.
Den yngste fekk læra å setja inn NYGLA på rett måte. Det vart også vist korleis ein senkar ned PUTANE og smurt bakom dei. MEN.... Ein av bunnsmørjarane oppdaga ein laus trenagle under vannlinja, den var heilt laus og kunne berre plukkast ut. Den var knekt mellom hud og spant, hadde tørka opp og var heilt laus. Denne må lagast ny, skuto kan ikkje sjøsetjast før dette er utbetra! Bortsett frå dette med naglen hadde me ein fantastisk fin dag på Holmen, og dei eldste er imponerte over dei yngste sitt gode humør,  arbeidvilje- og evne!

fredag 19. april 2019

Skutedugnad 06.april 2019

Fyrste laurdagen i april vart fylgjande arbeid utført av våryre skutefolk på Kvamsholmen:

Me skrapa og støvsugde skuto inni (over dørken), og smurde med denne tjøreblandinga:
  • 3 liter milebrent tjøre (Espegaard)
  • 1,5 liter kokt linolje m/soppdrepar
  • 0,5 liter terpentin
Dette vart tilsaman 5 liter. Smørja vart varma litt opp så den vart lett å smørja.
Det vart også kopla til vatn frå Kvamsvika, og litt snekkararbeid over barkekaret vart ferdiggjort.

Neste dugnad vert torsdag 25. april, kl 11.00. Då håpar me det vert litt fleire som møter opp!

onsdag 23. januar 2019

Mørketidssamlingar 2019

Kveldane er mørke, og vegane glatte - og det er igjen tid for Skutefolket sine årlege MØRKETIDSSAMLINGAR der komande dugnadar og aktivitetar vert planlagd. Me ynskjer gamle og nye Skutefolk hjartleg velkomne!

Stad: SJØTUN

Datoane er:
Tysdag 29. januar kl 19:00
Tysdag 26. februar kl 19:00
Tysdag 26. mars kl 19:00 

(26. mars er det også årsmøte)


tirsdag 1. januar 2019

Skutelogg 2018

Dette skjedde i 2018:

Januar
30. januar: Mørketidssamling

Februar
20. februar: Mørketidssamling

Mars
20. mars: ÅRSMØTE

April
07. april: Dugnad
12. april: Reingjering
14. april: Dugnad
19. april: Dugnad
27. april: Nye fester i sjøen m.m.
28. april: SJØSETJING

Mai/juni
Info om aktivitetar kjem sidan

Juli/August
Info om aktivitetar kjem sidan

September/Oktober
Info om aktivitetar kjem sidan
Skuto lyt i naustet att...

mandag 30. april 2018

Sjøsetjing 2018

I år vart Brørvikskuto sjøsett laurdag 28. april. Det gjekk som vanleg skyss frå Stamnes kai og ut på Kvamsholmen. På førehand hadde ihuga dugnadsarbeidarar reingjort og smurd skuto med bunnsmurning og Kystolje. Sidan vart det ordna til nye fester i sjøen bak skuto. I tillegg vart blokka festa, og rullen montert på styrbord side.

Skuto ligg no på Hedlo klar til ein ny sesong. Skutefolket inviterer alle som vil ombord når anledninga byr seg!


torsdag 12. april 2018

Dugnadsrapport 12. april 2018

"I dag var me 6 pers. på dugnad på Kvamsholmen,  me starta kl 11.00 og reiste heim kl 16.00. Sol, vind og hyggelege folk!

Gjort i dag:
Skuto vart tjørebreidd utvendig, ned til bunnsmurningslinja.
Skuto vart støvsugd nøye innvendig, og tjørebreidd innvendig ned til dørken.
(Under dørken vart det smurt med tjøre i fjor, og det ser så bra ut at det trengs ikkje noko meir i år.)

Det som står att er:
Bunnsmurning.
Leggja ned dørken og smørja med Kystolje.
Smørja med Beis der det trengs, på tofter og vengtak, evt master, årer og rå."

torsdag 18. januar 2018

Mørketidssamlingar 2018

Sola har snudd og det igjen tid for Skutefolket å samlast. Me inviterer også i år til mørketidssamlingar i SJØTUN for å samtala om året som gjekk - og leggja planar for året som kjem. Møtetidene er som fylgjer:
Tysdag 30. januar kl 19:00
Tysdag 20. februar kl 19:00
Tysdag 20. mars kl 19:00 - ÅRSMØTE