Det var ei hyggeleg og nyttig stund, der me prata om vårpuss av skuto og planla 3 dugnadsdagar/kveldar. Me møtest på kaien på Stamnes, og vert skyssa ut fjorden til Kvamsholmen - og heimatt! Når det nærmar seg sommar, kjem sjølvsagt sjøsetjing og rigging.
Desse dugnadsdatoane må du merka deg:
Torsdag 12. april: Kl 18:00 frå Stamnes kai
Lørdag 21. april: Kl 10:00 frå Stamnes kai
Torsdag 26. april: Kl 18:00 frå Stamnes kai
Me oppmodar alle Skutefolk til å koma.
Vel møtt til ei triveleg stund på Kvamsholmen.
Me har tak over hovudet og kaffi på kjelen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar