fredag 27. april 2012

Dugnad på dørken

Torsdag kveld møtte 7 personar til dugnad. Her er eit referat frå det som vart gjort:

Det vart sett inn med Kystolje i botn innabords. Dørken vart lagt ned, og smurt med Kystolje. “Lyfting-flakane” vart smurt på begge sider (andre strøk). Vannlinja vart merka opp, og det er no klart til bunnsmurning neste dugnad. Då må også veng-taket og toftene beisast. Til slutt hadde me eit lite måltid i “nya-huset”. Kjekt!

Skutesidene blenkjer etter førre vekes tjørebreiing,
og skuto er godt nøgd dagens innabordsbehandling!

1 kommentar:

TrudeK sa...

Dette er så bra!!!