onsdag 21. august 2013

Kystsoge-vekene på Osterøy

No er Kystsoge-vekene i gang: www.kystsogevekene.no, og Brørvikskuto skal i år delta på Mjøsdagane ved Hosanger på Osterøy.

Skuto går frå Stamnes Kl. 09.00 laurdag 24. august.
Alle som vil vera med skuta utover er velkomne om bord
(så langt der er plass).
Meld frå til Andreas på tlf. 91 75 16 68 eller på mail: as@scanergy.no viss du vil vera med. Han kan også kontaktast om du lurar på å vera med og har spørsmål om noko.
Mannskapet kjem til å kle seg litt gamaldags (gjerne svart bukse eller stakk, kvit skjorte, vest og ei gamal hua). Vi oppfordra alle til ”metsja” det.   Undervegs må vi alltid ha litt ekstra med varme/vindtette/vanntette klede i tilfelle behov. Vi kan tilby oppvarma ”vengsalong” også, for dei som ynskjer det.

Me vil vera framme i Hosanger til arrangementet startar. (Hosanger vert kalla Mjøsvågen etter gardane Mjøs som ligg i bygda.) Nokre kjem til å køyra bil til Hosanger og møta oss der, så det er også ein måte å gjera det på for dei som ynskjer det!

Ingen kommentarer: