Rapport og bilete frå dugnad laurdag, 05.april 2014:
Det vart reinska i suene og skuto vart støvsugd innanbords. Skuto vart tjærebreidd med 50/50 tjære og terpentin utvendig frå vannlinja og opp + ror, og innvendig frå dørken og opp. (Forbruk: 4 liter tjære, 4 liter terpentin) Det vart smurt kystolje på fordekket. Det vart teke mål til ny plugg til rorfestet.
Følgande står att å gjera:
1) Kystolje innvendig frå dørken og ned i kjøl. 2) Bunnsmurning frå vannlinja og ned + nedre ror. 3) Oljebeis på mast, rå, årar, tofter, vengtak og vegg med dør. Det er nok kostar, oljebeis, bunnsmurning (031) og kystolje i bua til å gjera skuta klar til sjøsetjing.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar