tirsdag 8. juli 2014

Sjøsetjing og oppattrydding

Eit liten tilbakeblikk på sjøsetjing og oppattrydding tidlegare i år:





26. april kome skuto på sjøen kl 09.50. Her er ein liten rapport frå dugnadsgjengen:
Ola Kvamme, Ingvar Simmenes, Leif Tysse, Knut Vedaa, Kjell Vedaa, Per Gamersvik og Andreas Stamnes sytte for det. Veret var fint, men floa var litt liten. Skuto lak so mykje, endå me hadde hatt grease i rævene, at Ola måtte nappa ho siste stykket ut or støa med "Vedafjord".
Skuta har allerie hatt ein tur utpå sjøen. Den kan du lesa meir om her.

Elles er skutenaustet no rydda etter sjøsetjinga. Dyvik-båtane fått førebels plass, og fjæra rydda for rekved, rusk og rask.

Skutefolket ynskjer god sommar frå naustet, 
og håpar me treffest ombord!

Ingen kommentarer: