søndag 5. februar 2012

Skutefolket med blogg


Skutefolket oppdaterer seg og er no i gong med eigen blogg!

Her  vil du finne informasjon om dugnadar og arrangement, samt kjekke bilete frå seglturar og andre aktivitetar.

Nettsida til Stiftinga Brørvikskuto er framleis oppe og går, men denne er å rekne som stiftinga si informasjonsside - avgrensa frå Skutefolket sine aktivitetar. Me tenkjer at det på denne måten vert lettare for Skutefolket og Stiftinga Brørvikskuto å verte oppfatta som to ulike aktørar kring skuto, og at blogg-formatet gjer det lettare å få ut oppdatert informasjon.

Det er ikkje lenge til årets dugnadsarbeid er i gong, så føl med!

1 kommentar:

grindverk sa...

Gratulera med skutenaust som har fått ny påkledning og meir utrusting innvendig
når skuto ligg ute kan naustet brukast som bryllaupslokale
snart klart for full pakke med brureferd, vigsla og brylaupsfest, tambur og felelåt i skutenaustet på kvamsholmen

men de manglar den vesle grindbygde stavkyrkja
eg har samla materialar til noko eg ikkje veit kva vert til, men da kan verta te ei lita enkel stavkyrkje
på Kvamsholmen,
ei lita grindakyrkje, da hadde gjort susen ,
to grinder,
eg stille med alt eg har tå materialar, og så kan andre koma med sine nett so i gamle daga då bygdefolket kom med materialar til stavkyrjo si

so viss detta kunne verta ei sak på eit skutefolkmøte, so kjem eg på dugnad

helsing
arne i ytre osterfjord