søndag 22. april 2012

Tjør på

"... men tjør ikkje på meg!"
"Nei, no må me ikkje tjøre oss opp i eit hjørne!"


Det mangla ikkje på ordspel på laurdagens dugnad på Kvamsholmen. Her er eit lite referat:

Dagens oppdrag var å få Brørvikskuto tjørebreidd. For at tjøra skal verte råd å smørje utover, må den varmast opp. Me vart einige om å ikkje gjere slik me alltid har gjort - nemleg å ha stormkjøkkenet med tjørepanna ombord i skuta. Det har gått fint til no, men kombinasjonen open eld, brannfarleg væske og trebåt er ikkje heilt god, og denne heller tvilsame praksisen vart altså avskaffa! Dei matansvarlege laga til benkar og langbord av nedsaga stubbar og plank, og i pausen vart det pølsegrilling med kjeks og kaffi attpå. Skuta vart tjørebreidd både inni og utanpå, og no gjenstår berre beising og eit strøk med Kystolje. Det vert oppdrag på neste dugnad.



Du, kor godt det smakar med litt mat attpå ei arbeidsøkt i friluft!

Torsdag 26.april har du også sjansen. Då er det ny dugnad.
Møt på kaien hans Ola kl 18.00 så får du skyss ut på holmen - og heimatt!

2 kommentarer:

Trude K sa...

Kor mange rare dugnads-hodeplagg kan me klara å få inn på denne bloggen? Den som lever får sjå ;o)
Trude

Susanne sa...

Det er berre å gle seg... :D