onsdag 27. juni 2012

KULTURDAGAR OG FISKEFESTIVAL I STAMNES

Laurdag - sundag
28. - 29. juli 2012

kan Skutefolket freista med
fotoutstilling og fiskesuppe i Kvamsnaustet
samt sommarleg konsert i kyrkja!

LAURDAG
FOTOUSTILLING
Opningstider på Kvamme: 13.00 - 20.00
Skyssbåt frå Stamnes kai: Fyrste båt går laurdag kl 13.15. Sidan går det båt med jamne mellomrom heile dagen.

SUNDAG
FOTOUSTILLING
Opningstider på Kvamme: 13.00 - 16.00
Skyssbåt frå Stamnes kai: Fyrste båt går laurdag kl 12.30. Sidan går det båt med jamne mellomrom heile dagen.
 
KONSERT
Arne Johnsen, Lars Hammerland og Adrian Skaftun tolkar Bjørn Eidsvåg: Kl 19.00 i Stamnes kyrkje. Billett kr. 150,- kjøpast ved inngang.

Kulturdagane startar fredagskvelden med quiz i ungdomsshuset. Resten av helga går det slag i slag med båtliv på fjorden og folkemylder på Stamnes med aktivitetar for store og små: Grillmat, RIB-båt, ansiktsmaling, fiskekonkurranse, motbakkeløp, Brørviksuto til kai og til sjøs, historiske foto i bedehuskjellaren, fiskardans, fiskaslepp, og kyrkjekonsert med Arne Johnsen - berre for å nemne noko!

Invitèr med deg vener og familie til ei flott
sommaroppleving i Stamnesbygda!

Ingen kommentarer: