mandag 25. juni 2012

Spontantur på fjorden

To dagar før Jonsok var det fina veret med sol, varme, og ein still fjord. Kjell Arnstein såg høve til å prøve ut den nye påhengsen på skuta, og samla i hop ein gjeng kjekke folk for å leggja ut på ein liten kveldstur i skuto:


Me hadde ein nydeleg tur med Brørvikskuto. Kjell Arnstein drog i gang, og 12 personar vart med. Me seig litt rundt i fjorden låg og dreiv i kveldsola med trekkspelmusikk, kaffi og mat.

Dei som ikkje vart med anbefalast på det sterkaste å stige ombord neste gong!


Ynskjer DU å få sms neste gong det vert spontantur på fjorden, kan du gje beskjed til Kjell Arnstein eller Oddny!

Ingen kommentarer: