søndag 31. mars 2013

Frå skog til skute

Då Brørvikskuto vart bygd, vart det gjort grundig dokumentasjon. Arne Høyland tok bilete og skreiv forklarande tekstar etterkvart som arbeidet med å finne material og høvande emne skrei fram. Denne dokumentasjonen er tilgjengeleg på nettstaden miljolare.no. (Innlegga om Brørvikskuto er stort sett å finne i nedste delen av lista.)

I Høyland sine tekstar finn ein teknisk informasjon om skuto og skute-emne, tankar og grubling frå handverkar Hans Brørvik, og fine skildringar av natur og kultur. Her er eit lite utdrag der Arne Høyland og Hans Brørvik er i Brørvika i Eidsfjorden på leit etter material (frå innlegg 29.11.1995 Brørvikskuto...episode 002):



Me går opp lia langs ein gamal sti og kjem fram til eit område i skogen der Hans for eit par år sidan såg ut emne som kanskje kan brukast til skutekjøl.
Te skuto vil eg ha et kjølemne på om lag 10 meter og ferdig bearbeidd skal da vera ca. 8,5 meter med ein dimensjon på 4x6 tommar. Den til høgre kan vera et fint kjølemne so kanskje kan brukast i skuto. Ho e 10-11 tomma i rote, e javn og bein, men da spørst om da e nok emne i toppen. Eg skulle hatt stigen so eg kunne kontrollert dimensjonen i toppen. Da e ein liten bue i stammen som stel tå emnet, men viss eg skjer ho etter buen so kan eg spenna kjølen opp og retta han ut når eg byggje.

Han har gløymd metermålet, så han går eit stykkje vekk og siktar og måler treet med ein liten pinne.
Kvist e da lite tå, og den so e dar e tynn og frisk. Små kvista gjer ikkje nåke. E kvistane store vil da sprikka lettare.
 

Me rusla vidare og snakka litt om furu og material til båtbord:
Eg hugsa slagbore til skuto hång på nøstveggjen, dei va breie - da e vanskeleg å finna so breie bord. Eg trur me heller skal bruka fira omfar med slagbord i staden for tre.

I bakkane ovanfor tunet i Brørvik står eit stort gamalt eiketre. Me ser litt nærmare på treet og Hans fortel:

Dei rekna eikje her før å vera tusen år då eg vaks opp. Den gamla  eikje ekje te nåke. Da e sprøtt, nett so kål. Ho e open, ho e flakna. Eikje måtte vera ein trehondra år gamal før ho va nåke å rekna på te skipsmaterial.
 
Hans nemner fleire gonger at her kan vikingane ha vore å blota, at denne eika kanskje står på ein gamal offerplass.


Tekstane i innleggja handlar om materialvurdering og -henting i skog og lier, og etterkvart også om tilverking av desse emna.
Etter kvart som ein studerer bileta og les seg nedover i tekstane er det nesten som ein kjenner lukta av skog og mose!
 
 
 

Ingen kommentarer: