onsdag 28. august 2013

Torgdagane i Salhus (og litt til)

Skuto er stadig ute i den store verda. Komande helg er det i Salhus det skjer!

Laurdag og sundag,
31.august og 01. september,
finn du skuta ved kaien på arrangementet
"Torgdagar i Salhus"

Ta kontakt med Andreas på tlf. 91 75 16 68 eller på mail: as@scanergy.no, dersom du vil hjelpa til.
Her er både store og små kjekke oppgåver til alle interesserte.

Her er informasjon frå arrangørane:

Norsk Trikotasjemuseum, lokale kunsthandtverkarar og frivillige organisasjonar i Salhus inviterer publikum til Tordagane med ein mengde aktivitetar for born og vaksne.

• Kunsthandtverkarar, matprodusentar og andre syner og sel produkta sine.
• Idrett, fotball, turn, musikk og song kan opplevast i ulike konkurransar.
• Frå scena får publikum oppleve song, musikk og noko nytt og spanande.
 
Norsk Trikotasjemuseum i Salhus har ope laurdag og søndag med omvisningar, film, utstilling, kulturminneløype, arrangment for barn, kafe og museumsbutikk kl.12-17. Skiftande utstilling: LUDO UTOPI av Øyvind Pål Farstad

***

Minner også om at Brørvikskuto skal til Lyngheisenteret på Lygra og segla med skuleklassar, 3.- 5.sept. Her er no fullt mannskap, så det er ikkje høve for fleire å vera med.
***
 
Etter det ber det til Bergen på
”Bønder i byen”,
helga 6.- 8 .september.
Då vert skuta å finna i Bergen, truleg ved Bryggen saman med D/S Oster og andre veteranbåtar. Meir info om desse dagane finn du på:  http://www.matfest.no
Andreas svarar på spørsmål kring Skutefolket si deltaking på arrangementet.
Finn fram kvitaskjorta og vest eller torgkone-klede, og kom til byn og skap den rette stemninga omkring skuto!

Ingen kommentarer: