onsdag 11. september 2013

Matfestival i Bergen

Vikingpizza med fisk, sunt snop i form av tørka eple frå Ålvik og premiert laks frå Leiro var noko av det ein kunne finna på Bergen Matfestival helga 6-8. september (tidlegare kjend som Torgdagane).

Det var tettpakka med folk mellom bodene, og mykje liv og røre i Bergen - og ved Bryggen, framom baugen for D/S Oster, låg Brørvikskuto!

Folk stimla saman for å sjå og høyre kva dette var for ei skute, og ein gasta gjeng Skutefolk forklarte så godt dei kunne om "frakting av ved til byd'n" og "ti meter lange årar". I tillegg lokka Helene, Liv og Torill folk med dufta av steikte lappar, medan Ola, Ove Gunnar og Ben underheldt med trekkspel og rytmestokk (med sko i eine enden og bjøller i hin...).

Her er nokre bilete frå hendinga, men har du fleire så send dei gjerne til susanne.leiren@gmail.com







Ingen kommentarer: