søndag 24. august 2014

Skuto og Skutefolket med på innspeling av NRK-serien "Anno 1764"

Brørvikskuto har no debutert som "skodespelar". (Ein kan berre ikkje kalle slikt eit flott fartøy for "rekvisita"!)

Førre helg var Brørvikskuto og utvalde medlemmar av seglekyndige skutefolk med på innspeling av realityserien "Anno 1764".  Skuto vart filma seglande inn Vågen lasta med tørrfisk frå Nord-Noreg, og etter fortøying stod skutefolksmedlemmar på Bryggen og "selde" fisk.

Foto: I. Ben Nordby


Foto: Helene Kvamme
Her er ei lita betrakting frå ein av dei som var med utpå:
"Andreas styrde stødig. Ove Gunnar stod med ryggen til kamera, men gjorde største arbeidet med roinga, Leif og Kjell rodde babord åre, og såg etter katamaranar i kjølvatnet. Eg såg med Leiv-Erikson-blikk mot torget medan Jon og Henning låg på tiljene for ikkje å koma på film."
Alle bileta nedanfor av I. Ben Nordby:

















Før innspeling måtte skuto fraktast frå Stamnes til Sandviken, og mannskapet visste å gjera "ein skikkeleg tur" ut av det. Her følgjer ein liten rapport:
"Leif hadde med litt heimakjøt og -flesk, og kokte ei nydeleg betasuppe. Og så hadde me jordbær og fløyte til dessert. Då me var ferdige med måltidet, var me alt komne til flytebrua, så me heiste segl og glei innover til Sandviken. (Vinden var for mykje imot utover Osterfjorden til å segla tidlegare.)"


Ingen kommentarer: