tirsdag 26. august 2014

Brørvikskuto er framleis på bytur

Helga 30-31. august skal skuto og Skutefolket delta på Sandviksdager i Bergen.

Skutefolket stiller med rykande ferske lappar, trekkspelmusikk (med meir), og som vanleg god stemning i skuto. I tillegg kan du få få læra knop- og knuteslåing, og kjøpa boka om då Hans Brørvik bygde skuto. 

Me ynskjer folk frå bygd og by hjartleg velkomne ombord!

Det er Sandviksboder Kystkultursenter som skipar til kulturarrangement, og dei skriv på si infoside at dei legg særleg opp til aktivitetar for born og unge. Ein kan mellom anna vente seg:
"gratis båtturer, fiske på Byfjorden, omvisning i historiske sjøboder, modellbåtkjøring, åpne utstillinger og aktiviteter i fiskerimuseet, kjøring av gamle båtmotorer, gjestende veteranskip, og mye mye mer. Vi regner med at rundt 3000 mennesker besøker kystkultursenteret i løpet av de to dagene."
Bileta frå Sandviksdager 2013 viser at det er aktivitetar og demonstrasjonar for ein kvar smak (klikk på bileta for større vising).






Brørvikskuto får fleire veker vekke frå Stamnes i august og september. Førre helg var Brørvikskuto og Skutefolket med på innspeling av realityserien "Anno 1764".  Sidan innspelinga har skuto leie trygt fortøyd ved Sandviksboder kystkultursenter. I den anledning er det no høve for interesserte å vera med på segletur på Byfjorden.

Vil du vera med ein tur utpå, ta kontakt med Andreas Stamnes; mob  917 51 668.
Fylgjande dagar i veke 35 er aktuelle:
Onsdag, 27. aug. 
Torsdag, 28. aug.

Det kan også hende det er råd å ta nokre turar i veke 36 dersom det er nok mannskap og nokonlunde brukande forhold.

Ein glad gjeng var ute på segling måndag, 25. august. Her er logg og bilete frå turen:
"Vi er nett komne heim frå ein fin kveld med segling att og fram på byfjorden. Leif, Liv&Ben, Anita og Andreas. Passeleg vind, men vi tok alle (kun to!) rev og segla lett. Det var slik at deltakarane kunne prøva seg på forskjellige oppgåver og læra/øva seg litt sjølv om vi berre hadde det kjekt. Bileta viser Hurtigruta i bakgrunn, og gamle M/S Lofoten ut frå Bergen mot Kirkenes."

 
Etter opphaldet i bergenske bølgjer, reiser skuto vidare til Lyngheisenteret på Lygra for å segla med skuleklassar. Korkje skuto eller Skutefolket ligg på latsida denne seinsommaren!

Ingen kommentarer: