"Det heile starta med at Ben tromma opp til festivalopning. Vidare tala kulturbyråd Helge Stormoen, før Ben og Eirik underheldt med speling på sag og song. Sveinung song også under opninga - akkompagnert av Ben OG rytmane frå ein 40 hk RUBB ombord i "Selma"...
Elles var det mykje aktivitet både i og rundt skuta. Helene steikte lappar ombord, og måtte av og til beordre folk anten til styrbord eller babord i skuta slik at ikkje lappane rann av takka.
Lappar med sylta og rjomme gjorde byfolk og stril både blide og mette, og mange kom attende og måtte nett har EIN til. Og det var gjerne dei som kjøpte to fyrste gongen!"
TIDLEGARE SAME VEKA var det råd å vera med utpå å segla. Her er nokre bilete frå flotte godvers-turar på Byfjorden:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar