torsdag 29. januar 2015

Dugnadar våren 2015

På mørketidssamlinga 26. januar hadde 10 trufast skutefolk ein triveleg kveld med kaffi, prat og planleggjing av vårens aktivitetar. I tillegg til vanleg vårpuss og vask, vart det sett opp at ein også skulle skifta ut øydelagt spant, vøla til ny dørk og reparera segl (evt. sy på 1 rev til).

Desse dugnadsdagane er sett opp for vask og vårpuss på skuto (alle etter påske):

Torsdag 09. april
Laurdag 11. april
Mandag 13. april
Torsdag 16. april
Laurdag 18. april
Mandag 20. april
Torsdag 23. april
Laurdag 25. april
Mandag 27. april - AVLYST
Torsdag 30. april

Laurdag 02.mai

Her er referat frå vårens siste dugnadar:
"Torsdag 30. mai var siste offisielle dugnad. Då sette vi inn nytt spant og festa med trenaglar som Ove Gunnar hadde dreia. Ove Gunnar og Kjell A. hadde tidlegare vore i marka og funne emne, skåre til, og vore ute på holmen minst to gonger for å passa det til. (Sjå bileta nedanfor.) Denne kvelden dukka Norvald opp også. Han hadde nett feira 80 årsdag så vi hadde ei lita samling på skuteloftet med brus og bollar."

"Skuta vart gjort ferdig for sjøsetjing laurdag 2.mai. Då vart mellom anna nye-spantet smurt ferdig, naglane smidd, bunnlinja smurd, og pumpa testkjørt. Det er kjøpt inn materialar til nytt de
kk."




Ingen kommentarer: