onsdag 20. mai 2015

Våryr skute i naustet og maritime opplevingar i Sandviken

Etter vårens dugnadar ligg Brørvikskuto framleis i naustet sitt, klar for sjøsetjing.

Fleire skutefolksmedlemmar har gjort god innsats i naustet på Kvamsholmen denne våren, men diverre har ikkje så mange som me hadde håpa møtt opp på dugnadane. Somme gonger har den dugnadsansvarlege vore åleine, andre gonger har det kome to-tre andre. Oppmodinga er difor; har du tid, så kom på sjøsetjing! (Informasjon om dette kjem på epost til alle skutefolksmedlemmar.) Skuto treng godt stell av mange hender om ho skal få smaka bølgjer under buken.

Då skuto ikkje er sjøsett enno gjer det at me diverre ikkje kan takka ja til invitasjonen og delta på opninga av  Norges Fiskerimuseum den 01.juni 2015.

Me oppmodar likevel å ta turen til Sandviken denne måndagen. Musèet ligg i Sandviksboder Kystkultursenter (like ved Neumann Bygg). Her er interessante ustillingar som Verden Under Vann og Det Eventyrlige Fisket. I tillegg skildrar musèet seg sjølv slik:
Her finnes noen av de best bevarte sjøbodene i Bergen. Tørrfiskbodene er et unikt kulturminne fra den gang Bergen var sentrum for en verdensomspennende tørrfiskeksport. I havnen hos Sandviksboder Kystkultursenter finner du også et mangfold av antikvariske båter.

I regi av Sandviksboder Kystkultursenter er det også eit arrangement laurdag den 30.mai 2015. Då skipar dei til Maritim lørdag der ein mellom anna kan oppleve:
  • Båtturer på Byfjorden.
  • Maritimt marked.
  • Sprellende liv i fiskekummen.
  • Vikingskip.
  • Gullgraving for de minste.
  • Kaféer.
  • Åpen smie.
  • Demonstrasjon av gamle båtmotorer.
  • Filmvisning.
  • Utlån av robåter.
  • Kajakkpadling.
Foto: Mette Bakke

Ingen kommentarer: