mandag 27. juli 2015

Kulturdagar og fiskefestival i Stamnes 2015

Frå dei fyrste aktivetane var i gong fredagen, til fiskesleppet vart avslutta sundag, var vergudane svært så generøse denne helga. Sola skein mykje av tida, og skyene sleppte ikkje dropane or seg før alle aktivitetar var vel gjennomført sundag ettermiddag.

Kulturdagar og fiskefestival i Stamnes vert arrangert av fleire lokale lag, og også i år var Brørvikskuto utpå fjorden for dei som ikkje hadde eigen båt å fiska frå. Bileta nedanfor syner skuto på veg innatt til kai etter endt fisketokt.






Ingen kommentarer: