mandag 31. august 2015

Sandviksdager 2015



Komande veke og helg kan du igjen koma deg utpå Byfjorden med Brørviksskuto. Etter planen vert skuto sigla til Sandviken i midten av denne veka, og går alt etter planen, inviterer Andreas Stamnes til seglturar onsdag, torsdag og fredag. Avgang frå brygga ved Kystkultursenteret kl 18:00 (med mindre anna tid vert avtala).


Laurdag og sundag komande helg (5-6. september) vert Brørviksskuto igjen å finna på Sandviksdagane i regi av Kystkultursenteret. Skutefolket sel nysteikte lappar og kaffi, og byr på stemningsfull musisering frå toftene. Etter at programmet er ferdig, er det råd å avtala segltur også desse dagane. Avgang kring kl 16/16.30 (etter avtale med Andreas).

Kystkultursenteret har elles gjeve denne informasjonen om helgas tilstelling:


Her er noko for alle aldrar, så ta turen til byd'n og opplev kystkultur på sitt beste!

Ingen kommentarer: