onsdag 4. november 2015

Brørvikskuto er komen i naustet

Sjølv om hausten so langt har vore mild og fin, nærmar kjøligare tider seg, og skuto er no komen i hus for vinteren.

Skutefolk stilte på dugnad i strålande haustver ei helg i midten av oktober for å få Brørvikskuto inn i naustet på Kvamsholmen. Her er ei helsing frå den nye leiaren i Stiftinga Brørvikskuto, Anne-Mari Hannisdal Haga. Ho arbeider til dagleg som rådgjevar ved Osterøy Museum, og var denne helga med på dugnadsarbeidet:
"Her er nokre bilete frå ein fantastisk fin dag i Veafjorden laurdag 17. oktober. Me var 9 personar som møtte fram for å gjera skuto klar for vinteren, og me hadde kjekke timar saman, med arbeid, kaffipause og drøs. Skuto vart tømt for innhald og vart teken inn i naustet på Kvamsholmen. Ein flott dugnadsgjeng – eit imponerande godt smurt apparat!"









Ingen kommentarer: