mandag 7. september 2015

Brørvikskuto siglar til Bergen (film)

Initiativtakar til bygginga av Brørvikskuto, Arne Høyland, har filma skuto på tur til Bergen den 02.september då ho skulle til byen å visa seg og vera med på Sandvikdagen 2015. Sjå filmen ved å trykkje på denne tittelen:


Høyland fortel dette om filmen og bruk av jekter i fjordane:
Brørvikskuto, ei lita vedajekt frå Indre Osterfjord vart bygd på 1990-talet. I filmen har ho fin bør utetter Osterfjorden, friskaste var det på Romarheimsfjorden, fortalde mannskapet meg på telefon rett frå skuto. Men eg trur dette synet av skuto rigga med råsegl utetter Osterfjorden kan stemma bra med slik dei synte seg på fjorden på 1800- talet . Det ein kan merka seg er den relativt rolige sjøen, eit lukka farvatn, passeleg med vind men likevel bra bør. Skuto er ikkje lasta så på den måten ville dei gamle vedaskutene leie tyngre på sjøen og kanskje hatt mindre fart?
I slutten av filmen passerer skuto Salhus, der det frå gamalt har vore gjestgjevarstad, noko som også namnet peikar mot, eit hus med salar? Desse vedaskutene var svært lette med relativt små dimensjonar i hud og innved. Den tilsvarande færingen som vart nytta i Stamnesområdet, hadde omtrent same dimensjon på båtborda som skutene hadde. Det at vedaskutene var så tynt kledde, trur eg kan ha med at skutene farta i eit skjerma og trygt farvatn, samanlikna med jekter som skulle farta over opne havstykkje. Jamfør t.d. dimensjoneringa til Sognejekta og Sunnfjordjekta, dei som ligg på museum, og den nybygde Sunnmørsjekta. Ein anna lokal teori som eg høyrde av nokre gamle var at dei ville ha skutene så lett som råd for å letta arbeidet med å dra dei inn i nausta.

Ingen kommentarer: