I samarbeid med trusopplæringa Vegen i Vaksdal var Skutefolket og ni tolvåringar på segltur i indre fjordstrok den 19. august. Veret var heldigvis "sånn nokolunde" og borna fekk prøva å ro med dei 10 meter lange årane, heisa seglet og styra skuta med ror. Det vart også tid til litt fisking. I land på Kvamsholmen var det tid for bibelforteljingar, grilling og salmar spelt på sag. Ein kan trygt seie det vart ein dag med variert program!
|
Foto: Anita MK Harestad |
|
Foto: Anita MK Harestad |
|
Foto: Anita MK Harestad |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar