Laurdag 9.-sundag 10. september vert Brørvikskuto å finna til kai ved Bergen Kystkultursenter i Sandviken (ved sida av Neumann Bygg) under dei årlege Sandviksdagene. Diverse maritime aktivitetar for store og små går føre seg kl 12-16 båe dagar. Mellom anna finn du Elias-båten og Redningsselskapet her.
Sandviksdagene omfattar aktivitetar kring Kystkultursenteret og på det museet i Gamle Bergen får du oppleve hvordan livet i Bergen kunne fortone seg på 1800 og tidleg 1900-tallet. Sandviksdagene arrangerast av lokalt kulturliv i samarbeid med Bymuseet, Sandviksboder Kystkultursenter og Museum Vest Norges Fiskerimuseum, med støtte fra Bergenhus og Årstad kulturkontor.
Er du heldig vert det også råd å ta ein liten tur utpå fjorden på kveldstid medan skuto er i byen! For å klare dette må veret vera nokonlunde bra, og det må vera minst tre mannskap ombord. Andreas Stamnes er segleansvarleg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar