torsdag 17. august 2017

Kulturdagar og fiskefestival på Stamnes 2017

Var du på Stamnes den 29.juli, kunne du også i år prøve fiskelukka frå Brørvikskuto. Den siste helga i juli er fast festivalhelg i bygda, og laurdagen var det som vanleg fiskekonkurranse på fjorden.

Skuto la frå kai med vel ti fiskeglade passasjerar ombord, og dei fekk or sjøen omlag tolv makrell til saman. Ein av dei yngste passasjerane drog opp minst fem åleine! Frå Skutefolket var Ola, Helene, Per og Kjell A. var med som mannskap. Ola fann fram trekkspelet, og det var god stemning ombord med musikk, prating og ikkje minst å fiska snøra til kvarandre!

Har du bilete frå Brørvikskuto denne dagen, send gjerne eit par stykker til susanne.leiren@gmail.com. NB! Om enkeltpersonar er tydeleg motiv i bilete, må den/dei gje løyve til publisering av bilete på førehand.

Ingen kommentarer: