torsdag 5. oktober 2017

I vinteropplag

Etter ein innhaldsrik sesong på sjøen skal Brørvikskuto no takast på land.

Den 16.september vart mastra teken ned og påhengsen montert av slik at skuta vart klar for slipping.

Laurdag 7. oktober vert skuto teken opp i naustet. I år har Ove Gunnar laga ein rull som skal gjera det mykje enklare å styra skuta oppover slippen. Vi er tilstrekkeleg med mannskap for å greia det, men kjekt vist fleire vil vera med. Båt går frå Stamnes kl 10.30. Det vert fyrst klargjering og samling på skuteloftet, så startar opptaking av skuta rundt kl 12.30 når det er på floa.

Ingen kommentarer: