søndag 8. oktober 2017

Skuto er lasta med... bymann og stril

Her fylgjer eit lite samandrag av skuta sine aktivitetar medan den var på bytur hausten 2017:

6. september: Segltur på byfjorden. Henning og Andreas var ute og segla og rodde med Sandviken Kystlag.











7. september: Segltur på byfjorden. Var utpå med Fagskulen og somaliske vener av Liv. Fin seglevind og årane vart prøvd til slutt.

 


9-10. september: Sandviksdagene 2017. Skutekonene Helene og Oddny steikte lappar, medan Torill, Anita og Astri selde lappane, kaffi og bøker til inntekt for den nye påhengsmotoren. Ben knytte matter, medan Ove Gunnar, Trygve og skuteskippar Andreas spela stemningsmusikk på trekkspel. Ben var sjølvsagt med på rytmeinstrument! Helga vart avslutta med pizza saman med dei andre bidragsytarane under Sandviksdagene. God stemning i møtet mellom bymann og stril!



Ingen kommentarer: