Vi var 9 stk som tok skuta på land, tok ut alt som var i skuta slik at skroget får lufta seg. Vi vaska ho både utvendig og inni. Dei som var med: Ove Gunnar, Kjell Arnstein, Per, Norvald, Lars Olav, Stein, Henning, Anita, Andreas.
Etter skuta var kome i hus var det etter god, gamal dugnadstradisjon rjomegraut og dravle på segl-loftet. Skutefolk veit å kosa seg!
På veg til naustet ein fin haustdag. Per slepar med motorbåten sin og skysser deltakarane |
Kjell slepar skuta inn på opptrekket. |
Sløa vert gjort klar. Skubba ut i rett posisjon og smurt med matolje slik at det ikkje skal væra alfor tungt å sveiva. |
Ove Gunnar set på rullen og finjusterer skuta på sløa. |
Så er det berre å sveiva. Dei fleste tok eit tak. |
Oppfinnaren føl med at alt virkar som det skal. |
Vi er glade for at vi fekk spylt og skrubba med det same ho kom på land. Då er det greiare å begynna på at til våren. |
Og der står ho klar for skraping og tjørebreiing og mykje anna... om ei stund. |
Frå samling på skuteloftet. Når "gulrota" etter endt arbeidsøkt er dravle med kringle og spekjeskjøt motiverer det til skikkeleg innsats. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar