Laurdag 06. april
startar me
dugnads-sesongen med ein felles inspirasjonstur til Rosendal for å sjå på restaureringa av «Gurine». Knut
Skåla gler seg til me kjem, og vil vera vår guide.
Me ordnar oss med bil og «kjøring i lag»
sjølve, men satsar på å møtast ved ferjekaien i Gjermundshavn litt før
kl 11:00. Ferja går kl. 11:00. Så tek me ferja over til Årsnes. Etter
det held me i lag!
Ta med deg gode klede,
niste og ein thermos med noko varmt i!
... og kanskje har du ein nabo
som treng å kome ut av vinterdvalen også?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar