søndag 9. februar 2014

Spleising av ny rigg

Vinteren er ei tid då Skutefolket kvilar seg og tenkjer attende på sommardagar med segling og blenkjande bølgjer. Men tida går fort, og no er det ikkje så lenge til skuto igjen skal tjørebreiast og sjøsetjast. For å vera godt skodd til nye segleturar, vert no vant og baustag fornya med sterkare rigg (tauverk).

Her er Skutefolk i gong med spleisearbeid der godt verktøy, handalag og kunnskap om gamle handverksteknikkar kjem godt med. Bileta nedanfor viser jomfruene (laga i Hardanger) som får øyespleis, og i toppen kjem ein kuntspleis som skal træast ned på masta. 

Klikk på bileta så får du sjå dei i større format.






Ingen kommentarer: