mandag 7. september 2015

I bynære fjordstrok


Siste veka har Brørvikskuto vore på bytur, og her er eit lite referat frå skippar Andreas Stamnes:

Vi hadde ein fin tur til byd'n på onsdag, 02. september; Kjell A, Per G og meg. Det var god medvind frå Romarheimsfjorden og til Eidsvågneset. Vi var heldige og fant ein dag med god seglvind frå aust. Per hadde steikt vaflar og plukka blåbær.

Torsdag var vi på Byfjorden i finværet og hadde ein roleg seglas. Stian Z, Hermann Vabø (kollega til Stian) og eg.
I kveld, fredag, skal vi ut med Sandviken Kystlag.

Måndag 07. september dreg skuta nordover til Lyngheisenteret på Lygra for å segla med skuleklassar.

Ingen kommentarer: