onsdag 18. oktober 2017

Brørvikskuto vert "sveiva" i hus

Her er eit referat frå 07. oktober 2017 då skuto vart teken på land. Dette var siste skuteaktivitet denne  hausten. 
Vi var 9 stk som tok skuta på land, tok ut alt som var i skuta slik at skroget får lufta seg. Vi vaska ho både utvendig og inni. Dei som var med: Ove Gunnar, Kjell Arnstein, Per, Norvald, Lars Olav, Stein, Henning, Anita, Andreas.
Etter skuta var kome i hus var det etter god, gamal dugnadstradisjon rjomegraut og dravle på segl-loftet. Skutefolk veit å kosa seg!
På veg til naustet ein fin haustdag. Per slepar med motorbåten sin og skysser deltakarane

Kjell slepar skuta inn på opptrekket.
Sløa vert gjort klar. Skubba ut i rett posisjon og smurt med matolje slik at det ikkje skal væra alfor tungt å sveiva.

Ove Gunnar set på rullen og finjusterer skuta på sløa.

Så er det berre å sveiva. Dei fleste tok eit tak.
Rullen (patenten) Ove Gunnar har laga til slik at skuta glir langs båtopptrekket. Dette lettar arbeidet mykje mot før då mange mann måtte halda balanse i ho og flytta på bukkar for å sikra på begge stykke for stykke oppover.

Den nye kryssholten og boltar som Ove Gunnar laga og monterte nokre timar etter at han fekk vita at den gamle var rotna. Vi testa den på Lygra og den er mykje betre en den forrige som vi fekk laga av spesialistar i Norheimsund. (Det er her vi festar tauet som vi heiser opp råa og seglet med).

Oppfinnaren føl med at alt virkar som det skal.

Vi er glade for at vi fekk spylt og skrubba med det same ho kom på land. Då er det greiare å begynna på at til våren.

Og der står ho klar for skraping og tjørebreiing og mykje anna... om ei stund.
Frå samling på skuteloftet. Når "gulrota" etter endt arbeidsøkt er dravle med kringle og spekjeskjøt motiverer det til skikkeleg innsats.

Alle bileta er tekne av Anita MK Harestad. 

Ingen kommentarer: