21. feb: Mørketidssamling (Grupo)
28. feb: Vedlikehald av seglet (Bedehuset)
21. mars: ÅRSMØTE og Mørketidssamling (Grupo)
April/Mai: Vårpuss (Kvamsholmen)
06.mai: Mål om SJØSETJING
04.juni: Fjordadag
29. juli: Fiskefestival
19. august: Brudlaup
21. feb: Mørketidssamling (Grupo)
28. feb: Vedlikehald av seglet (Bedehuset)
21. mars: ÅRSMØTE og Mørketidssamling (Grupo)
April/Mai: Vårpuss (Kvamsholmen)
06.mai: Mål om SJØSETJING
04.juni: Fjordadag
29. juli: Fiskefestival
19. august: Brudlaup
Fem effektive karar møtte, og gjorde skuto klar for utsetjing.
Dette vart gjort:To karar bunnsmurde skuto utanbords, medan tre karar la ned dørken, monterte løftinga, senka ned masta og beisa den, beisa vengtak og tofter, tok ned årane og råa og beisa desse.
Den yngste fekk læra å setja inn NYGLA på rett måte. Det vart også vist korleis ein senkar ned PUTANE og smurt bakom dei. MEN.... Ein av bunnsmørjarane oppdaga ein laus trenagle under vannlinja, den var heilt laus og kunne berre plukkast ut. Den var knekt mellom hud og spant, hadde tørka opp og var heilt laus. Denne må lagast ny, skuto kan ikkje sjøsetjast før dette er utbetra! Bortsett frå dette med naglen hadde me ein fantastisk fin dag på Holmen, og dei eldste er imponerte over dei yngste sitt gode humør, arbeidvilje- og evne!
Me skrapa og støvsugde skuto inni (over dørken), og smurde med denne tjøreblandinga:
- 3 liter milebrent tjøre (Espegaard)
- 1,5 liter kokt linolje m/soppdrepar
- 0,5 liter terpentin
Dette vart tilsaman 5 liter. Smørja vart varma litt opp så den vart lett å smørja.
Det vart også kopla til vatn frå Kvamsvika, og litt snekkararbeid over barkekaret vart ferdiggjort.
"I dag var me 6 pers. på dugnad på Kvamsholmen, me starta kl 11.00 og reiste heim kl 16.00. Sol, vind og hyggelege folk!
Gjort i dag:
Skuto vart tjørebreidd utvendig, ned til bunnsmurningslinja.
Skuto vart støvsugd nøye innvendig, og tjørebreidd innvendig ned til dørken.
(Under dørken vart det smurt med tjøre i fjor, og det ser så bra ut at det trengs ikkje noko meir i år.)
Det som står att er:
Bunnsmurning.
Leggja ned dørken og smørja med Kystolje.
Smørja med Beis der det trengs, på tofter og vengtak, evt master, årer og rå."
Vi var 9 stk som tok skuta på land, tok ut alt som var i skuta slik at skroget får lufta seg. Vi vaska ho både utvendig og inni. Dei som var med: Ove Gunnar, Kjell Arnstein, Per, Norvald, Lars Olav, Stein, Henning, Anita, Andreas.
Etter skuta var kome i hus var det etter god, gamal dugnadstradisjon rjomegraut og dravle på segl-loftet. Skutefolk veit å kosa seg!
![]() |
| På veg til naustet ein fin haustdag. Per slepar med motorbåten sin og skysser deltakarane |
![]() |
| Kjell slepar skuta inn på opptrekket. |
![]() |
| Sløa vert gjort klar. Skubba ut i rett posisjon og smurt med matolje slik at det ikkje skal væra alfor tungt å sveiva. |
![]() |
| Ove Gunnar set på rullen og finjusterer skuta på sløa. |
![]() |
| Så er det berre å sveiva. Dei fleste tok eit tak. |
![]() |
| Oppfinnaren føl med at alt virkar som det skal. |
![]() |
| Vi er glade for at vi fekk spylt og skrubba med det same ho kom på land. Då er det greiare å begynna på at til våren. |
![]() |
| Og der står ho klar for skraping og tjørebreiing og mykje anna... om ei stund. |
![]() |
| Frå samling på skuteloftet. Når "gulrota" etter endt arbeidsøkt er dravle med kringle og spekjeskjøt motiverer det til skikkeleg innsats. |
Me er i full gang med å klargjera skuto til "Tour de fjords". I dag var me 11 vaksne og 2 barn på holmen i seks timar! Me har skrapa, kosta og støvsugd skuto innvendig. Etterpå smurde me tjøra på. Den må varmast for å trekkja inn i veden når me smør den på. Me har rydda i hyller i naustet og nokon fortsette å byggja kai.
"Her er nokre bilete frå ein fantastisk fin dag i Veafjorden laurdag 17. oktober. Me var 9 personar som møtte fram for å gjera skuto klar for vinteren, og me hadde kjekke timar saman, med arbeid, kaffipause og drøs. Skuto vart tømt for innhald og vart teken inn i naustet på Kvamsholmen. Ein flott dugnadsgjeng – eit imponerande godt smurt apparat!"