Viser innlegg med etiketten I media. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten I media. Vis alle innlegg

fredag 30. desember 2016

Brørvikskuto og Norvald Bukkstein på NRK

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

2.juledag 2016 var me mange som benka oss framom fjernsynsapparatet medan me kryssa fingrane for at straumen ikkje skulle ryka "midt i"... I femte episoden av NRK-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" var Norvald Bukkestein og hans mangfoldige kunnskapar temaet, men også Brørvikskuto og Skutefolket vart synt fram i beste sendetid over det ganske land.

Klikk på lenka under, så kjem du direkte til episoden med Norvald'n og skuto:

onsdag 8. juni 2016

Brørvikskuto er lasta med... VED

Som ein del av innspelinga av TV-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i Veafjorden, vart Brørvikskuto i starten av juni lasta opp med naustturka ved frå Straume. Skuto rommar omlag 10 mål ved, og svetten rann stadig striare på sjauarane i solsteika. Då veden var vel ombord, sigla skuto til Bergen for å delta på Hansadagane 2016.

Kortid ei fullasta Brørvikskute vert å sjå på TV-skjermen er enno ikkje klart, men informasjon kjem når tida nærmar seg. Medan du ventar kan du nyta synet av ivrige arbeidskarar og ei skute som ligg stadig sidare i sjøen:







 

 




mandag 7. mars 2016

Brørvikskuto på tokt i 2016

Brørvikskuto og dugnadsgjengen Skutefolket har ei lang liste med (nokre sikre og andre mindre sikre) tokt i året som kjem. Allereie er det mange dugande folk som har sett seg opp på dei ulike oppdraga, men

HAR DU LYST Å VERA MED på noko, er det berre å melda frå!
Ta kontakt med ein av dei som allereie er sett opp,
eller leiar i Skutefolket, Helene Kvamme.

Oppdrag 1. NRK-filming: «Der ingen skulle tru…»
Fredag 3. juni: Klargjera skuto for vedalasting og byferd: Trygve, Ola, Andreas, Eldfrid, Oddny
Laurdag 4. juni – onsdag 8. juni: Vedalasting, segling til Bergen, lossing, reingjering skuto:

Desse har sagt dei kan vera med: Ove Gunnar, Norvald Bukkestein, Trygve, Andreas, Helene, Øystein, Kjell Leiren, Anita Harestad, Kjell Arnstein, Per, Sveinung, Oddvar Bukkestein, (Eldfrid, Oddny og Anny bidreg med mat lørdag)

Desse skal spørjast: Henning Thomsen (Sveinung spør), Leif Tøsse (Andreas spør), Ingvard (Oddny spør), Lars Olav (Oddny spør), Eirik (Ola spør)

Kjem du på nokon du kan spørja, eller koma sjølv, så treng me mykje folk. Alle kan ikkje vera med heile tida.

Oppdrag 2. «Hansadagane» i Bergen
Torsdag 9. juni – laurdag 11. juni.: Helene, Liv, Ben, Andreas, Ove Gunnar, Torill,
Skuto heimatt: ??

Oppdrag 3. Mellesdal?
Laurdag 23 juli: Ben.,

Oppdrag 4. Fiskefestival/Kulturdagar, Stamnes
Laurdag 30. juli: Kjell Arnstein, Kjell Leiren, Andreas, Helene, Ben., Oddny. 
Trygve lagar ny «gatebukk». Brus og kjeks til borna? Knop og knutar?

Oppdrag 5. «Sandviksdagane»
2.-4. sept.: Segla til Bergen: Andreas, Per, Ove Gunnar. 
(Skuto ligg i Sandviken til me skal til Lygra.)

Oppdrag 6. Lyngheisenteret Lygra.
12. – 15. sept.: Skuto på plass mandag 12. sept: Ola, Trygve, Andreas m.fl
Øvrig mannskap kjem på plass seinare.

Oppdrag 7.  Råseglseminar Masfjorden?
16.-18. sept.:

Oppdrag 8. Segltur (kveldstur) med konfirmantane?
Sept/Okt/Før skuto er kome på land...

lørdag 17. januar 2015

Brørvikskuto som tørrfiskskute

Me er så vidt byrja røre på oss etter vinterdvalen, og det nye året starta friskt med skute og Skutefolk på fjernsynsskjermen.

Sendinga av realityserien Anno, som me var med å filma i på seinsommaren, er no i gong, og i femte episode dukkar skutefolksmedlemmar opp som tørrfiskfraktande "nordlendingar":


Klikk på tittelen eller bilete over. Kring minutt 09:45 og utover dukkar Brørvikskuto og andre kjensfolk opp...

tirsdag 26. august 2014

Brørvikskuto er framleis på bytur

Helga 30-31. august skal skuto og Skutefolket delta på Sandviksdager i Bergen.

Skutefolket stiller med rykande ferske lappar, trekkspelmusikk (med meir), og som vanleg god stemning i skuto. I tillegg kan du få få læra knop- og knuteslåing, og kjøpa boka om då Hans Brørvik bygde skuto. 

Me ynskjer folk frå bygd og by hjartleg velkomne ombord!

Det er Sandviksboder Kystkultursenter som skipar til kulturarrangement, og dei skriv på si infoside at dei legg særleg opp til aktivitetar for born og unge. Ein kan mellom anna vente seg:
"gratis båtturer, fiske på Byfjorden, omvisning i historiske sjøboder, modellbåtkjøring, åpne utstillinger og aktiviteter i fiskerimuseet, kjøring av gamle båtmotorer, gjestende veteranskip, og mye mye mer. Vi regner med at rundt 3000 mennesker besøker kystkultursenteret i løpet av de to dagene."
Bileta frå Sandviksdager 2013 viser at det er aktivitetar og demonstrasjonar for ein kvar smak (klikk på bileta for større vising).






Brørvikskuto får fleire veker vekke frå Stamnes i august og september. Førre helg var Brørvikskuto og Skutefolket med på innspeling av realityserien "Anno 1764".  Sidan innspelinga har skuto leie trygt fortøyd ved Sandviksboder kystkultursenter. I den anledning er det no høve for interesserte å vera med på segletur på Byfjorden.

Vil du vera med ein tur utpå, ta kontakt med Andreas Stamnes; mob  917 51 668.
Fylgjande dagar i veke 35 er aktuelle:
Onsdag, 27. aug. 
Torsdag, 28. aug.

Det kan også hende det er råd å ta nokre turar i veke 36 dersom det er nok mannskap og nokonlunde brukande forhold.

Ein glad gjeng var ute på segling måndag, 25. august. Her er logg og bilete frå turen:
"Vi er nett komne heim frå ein fin kveld med segling att og fram på byfjorden. Leif, Liv&Ben, Anita og Andreas. Passeleg vind, men vi tok alle (kun to!) rev og segla lett. Det var slik at deltakarane kunne prøva seg på forskjellige oppgåver og læra/øva seg litt sjølv om vi berre hadde det kjekt. Bileta viser Hurtigruta i bakgrunn, og gamle M/S Lofoten ut frå Bergen mot Kirkenes."

 
Etter opphaldet i bergenske bølgjer, reiser skuto vidare til Lyngheisenteret på Lygra for å segla med skuleklassar. Korkje skuto eller Skutefolket ligg på latsida denne seinsommaren!

søndag 24. august 2014

Skuto og Skutefolket med på innspeling av NRK-serien "Anno 1764"

Brørvikskuto har no debutert som "skodespelar". (Ein kan berre ikkje kalle slikt eit flott fartøy for "rekvisita"!)

Førre helg var Brørvikskuto og utvalde medlemmar av seglekyndige skutefolk med på innspeling av realityserien "Anno 1764".  Skuto vart filma seglande inn Vågen lasta med tørrfisk frå Nord-Noreg, og etter fortøying stod skutefolksmedlemmar på Bryggen og "selde" fisk.

Foto: I. Ben Nordby


Foto: Helene Kvamme
Her er ei lita betrakting frå ein av dei som var med utpå:
"Andreas styrde stødig. Ove Gunnar stod med ryggen til kamera, men gjorde største arbeidet med roinga, Leif og Kjell rodde babord åre, og såg etter katamaranar i kjølvatnet. Eg såg med Leiv-Erikson-blikk mot torget medan Jon og Henning låg på tiljene for ikkje å koma på film."
Alle bileta nedanfor av I. Ben Nordby:

















Før innspeling måtte skuto fraktast frå Stamnes til Sandviken, og mannskapet visste å gjera "ein skikkeleg tur" ut av det. Her følgjer ein liten rapport:
"Leif hadde med litt heimakjøt og -flesk, og kokte ei nydeleg betasuppe. Og så hadde me jordbær og fløyte til dessert. Då me var ferdige med måltidet, var me alt komne til flytebrua, så me heiste segl og glei innover til Sandviken. (Vinden var for mykje imot utover Osterfjorden til å segla tidlegare.)"


tirsdag 3. april 2012

I kjende farvatn

Fekk du ikkje dette med deg i 2007- eller har du lyst på ein gjensyn?


Dag Lindebjerg var for nokre år sidan programleiar i dokumetarserien

Her tek han sjåaren med ombord på ulike båtar som alle har hatt stor verkand på livet til folk opp gjennom tidene:

Hvert program har hvert sitt tema, som robåter, som seilbåter, som båtbygging. Programmene bygger på til sammen 32 båthistorier, historier om folk som har vært avhengig av båt i sitt daglige virke (nrk.no).


Det er særleg det fyrste programmet i serien som er interessant for oss som høyrer heime i Indre Osterfjord. Her er Lindebjerg saman med Arne Høyland; roande frå Mo til Bolstad i ein oselvar serverer dei mykje kjekk lokalhistorie på vegen. Skutefolka Ola, Kjell, Arild og Kjell Arnstein lastar Brørvikskuto med ved i Mellesdalen (10 minutt ut i programmet), og skuta sine 10 meter lange årar vert prøvd ut!


I tredje program besøkjer Lindebjerg Eksingedalen der sauene vert frakta i særeigne "ferger", medan ein i fjerde program kan oppleve gamledampen Oster i fin fart gjennom Osterfjorden på veg mot Bergen.

Ei oversikt over innhaldet i dei ulike programma, finn du her.