Viser innlegg med etiketten Skutenaustet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skutenaustet. Vis alle innlegg

onsdag 18. oktober 2017

Brørvikskuto vert "sveiva" i hus

Her er eit referat frå 07. oktober 2017 då skuto vart teken på land. Dette var siste skuteaktivitet denne  hausten. 
Vi var 9 stk som tok skuta på land, tok ut alt som var i skuta slik at skroget får lufta seg. Vi vaska ho både utvendig og inni. Dei som var med: Ove Gunnar, Kjell Arnstein, Per, Norvald, Lars Olav, Stein, Henning, Anita, Andreas.
Etter skuta var kome i hus var det etter god, gamal dugnadstradisjon rjomegraut og dravle på segl-loftet. Skutefolk veit å kosa seg!
På veg til naustet ein fin haustdag. Per slepar med motorbåten sin og skysser deltakarane

Kjell slepar skuta inn på opptrekket.
Sløa vert gjort klar. Skubba ut i rett posisjon og smurt med matolje slik at det ikkje skal væra alfor tungt å sveiva.

Ove Gunnar set på rullen og finjusterer skuta på sløa.

Så er det berre å sveiva. Dei fleste tok eit tak.
Rullen (patenten) Ove Gunnar har laga til slik at skuta glir langs båtopptrekket. Dette lettar arbeidet mykje mot før då mange mann måtte halda balanse i ho og flytta på bukkar for å sikra på begge stykke for stykke oppover.

Den nye kryssholten og boltar som Ove Gunnar laga og monterte nokre timar etter at han fekk vita at den gamle var rotna. Vi testa den på Lygra og den er mykje betre en den forrige som vi fekk laga av spesialistar i Norheimsund. (Det er her vi festar tauet som vi heiser opp råa og seglet med).

Oppfinnaren føl med at alt virkar som det skal.

Vi er glade for at vi fekk spylt og skrubba med det same ho kom på land. Då er det greiare å begynna på at til våren.

Og der står ho klar for skraping og tjørebreiing og mykje anna... om ei stund.
Frå samling på skuteloftet. Når "gulrota" etter endt arbeidsøkt er dravle med kringle og spekjeskjøt motiverer det til skikkeleg innsats.

Alle bileta er tekne av Anita MK Harestad. 

torsdag 5. oktober 2017

I vinteropplag

Etter ein innhaldsrik sesong på sjøen skal Brørvikskuto no takast på land.

Den 16.september vart mastra teken ned og påhengsen montert av slik at skuta vart klar for slipping.

Laurdag 7. oktober vert skuto teken opp i naustet. I år har Ove Gunnar laga ein rull som skal gjera det mykje enklare å styra skuta oppover slippen. Vi er tilstrekkeleg med mannskap for å greia det, men kjekt vist fleire vil vera med. Båt går frå Stamnes kl 10.30. Det vert fyrst klargjering og samling på skuteloftet, så startar opptaking av skuta rundt kl 12.30 når det er på floa.

mandag 24. april 2017

Støvtørk og tjørebreiing

Vårpussen på skuto er godt i gong, og her er ei lita skildring frå dugnaden 22.april:
Me er i full gang med å klargjera skuto til "Tour de fjords". I dag var me 11 vaksne og 2 barn på holmen i seks timar! Me har skrapa, kosta og støvsugd skuto innvendig. Etterpå smurde me tjøra på. Den må varmast for å trekkja inn i veden når me smør den på. Me har rydda i hyller i naustet og nokon fortsette å byggja kai.




Ynskjer du vera med på å få Brørvikskuto på sjøen i år, finn du datoar for komande dugnadar her. 

onsdag 19. april 2017

Dugnadar våren 2017

Allereie den 25. mai håpar me på å få visa fram skuto når sykkelrittet Tour des Fjords vitjar bygda. Før den tid lyt skuto klargjerast og setjast på sjø. Nedanfor ser du kva og kortid  arbeidet skal gjerast; lista vert oppdatert etter kvart som datoane er klare. Som vanleg vert det båtskyss til Kvamsholmen frå kaien på Hedlo.

Skrapa, kosta, støvsuga. Smørja alt innabords.
Dato: LAURDAG 22.april
Båt frå Stamnes kl 11:00

Smurning utvendig m.m
Dato: TORSDAG 27.april
Båt frå Stamnes kl 15:00

Smurning utvendig m.m
Dato: LAURDAG 06.mai
Båt frå Stamnes kl 11:00

Sjøsetjing
I løpet av veke 19 (evnt. laurdag 13.mai)

Rigging mast og segl


VEL MØTT TIL KJEKKE DUGNADSDAGAR!

torsdag 19. mai 2016

Med bylgjer under kjølen

Bileta nedanfor er frå 07.mai 2016 då Brørvikskuto vart sjøsett på Kvamsholmen. Skuto vart seinare same dagen ført inn til Stamnes, og mastra vart rigga ved Handelslagskaien.

Legg særleg merke til bilete i midten der skuto nett har kjend bylgjene under kjølen, og den flotte vimpelen heng over ripa og vinkar i vinden.






onsdag 4. mai 2016

Sjøsetjing 2016

Brørviksuto kjem på sjøen laurdag 07.mai på flo sjø kring kl 12:00.
-
Det går skyssbåt frå Stamnes kai; møt opp kl 10:45.

Gjev gjerne beskjed til Andreas om du vil vera med:
Ring, eller send sms til mob 917 51 668.

Målet for dagen er at skuto også skal riggast med mast denne dagen. Dess fleire som er med, dess lettare går arbeidet. Og praten! Det meldast om fint vårver - så hiv deg med om du kan!!!


tirsdag 19. april 2016

Skuto snart på sjøen


Dyktige og dugnadsvillige skutefolk var på Kvamsholmen og vaska skuto laurdag, 4. april: Eldfrid, Kjell A., Per, Trygve og Ola.

Førre laurdag, 16. april, var oppgåva å smørja skuto innvendig, medan ho vart smurt innvendig måndagen.

Sjøsetjinga er sett til laurdag 07.mai; tidspunktet er avhengig av flo sjø.

Sjå elles HER for å finna ut meir om dugnadar, og kva Brørvikskuto skal i ferd med det komande året.

mandag 7. mars 2016

Dugnadar våren 2016

På Mørketidssamlinga i februar vart vårens gjeremål knytt til klargjering og sjøsetjing av Brørvikskuto planlagd. Lista nedanfor viser kva som skal gjerast, og kven som har sagt at dei kan vera med. Som vanleg vert det båtskyss til Kvamsholmen frå kaien på Hedlo.

Vatn på Holmen
Dato: Før 4. april
Ansvar: Ola og Trygve

Vaska skuto / klar for smurning
Dato: Mandag 4. april kl 11:00
(Sjå over kva vi treng av tjøre/smurning/beis)
Ansvar: Ola, Trygve, Per, Ove Gunnar

Smurning innvendig
Dato: Laurdag 16. april kl 11:00
Ansvar: Sveinung m/fam., Henning ?, Helene m/fam., Ove Gunnar, Per

Smurning utvendig + årar, master, rå, veng m.m.
Dato: Mandag 18. april kl 11:00
Ansvar: Trygve, Oddny, Per, Andreas, Kjell Leiren

Sjøsetjing
Dato: Laurdag 7. mai kl ?
Ansvar: Andreas, Ola, Kjell Arnstein, Trygve, Kjell Leiren m.fl.

Rigging mast og segl
Dato: Siste frist laurdag 21. mai
Ansvar: Ove Gunnar, Kjell Arnstein

Om du har lyst til å vera med, ta gjerne kontakt med nokon som skal dit! 
Me har ALLTID plass til fleire nevar!


 

onsdag 4. november 2015

Brørvikskuto er komen i naustet

Sjølv om hausten so langt har vore mild og fin, nærmar kjøligare tider seg, og skuto er no komen i hus for vinteren.

Skutefolk stilte på dugnad i strålande haustver ei helg i midten av oktober for å få Brørvikskuto inn i naustet på Kvamsholmen. Her er ei helsing frå den nye leiaren i Stiftinga Brørvikskuto, Anne-Mari Hannisdal Haga. Ho arbeider til dagleg som rådgjevar ved Osterøy Museum, og var denne helga med på dugnadsarbeidet:
"Her er nokre bilete frå ein fantastisk fin dag i Veafjorden laurdag 17. oktober. Me var 9 personar som møtte fram for å gjera skuto klar for vinteren, og me hadde kjekke timar saman, med arbeid, kaffipause og drøs. Skuto vart tømt for innhald og vart teken inn i naustet på Kvamsholmen. Ein flott dugnadsgjeng – eit imponerande godt smurt apparat!"









søndag 7. juni 2015

Skuto er komen utpå!

Bilete og referat frå sjøsetjinga laurdag 06. juni 2015:
Det var ein kjekk dag med sol og vind: Dagen starta med seglreparasjon og nedlegging av dørk. Sidan vart det kaffipause og til slutt, sjøsetjing.(Siste bilete er frå tidlegare reparasjonsarbeid på seglet; utført i Stamnes Bedehus 03. juni 2015.)











tirsdag 8. juli 2014

Sjøsetjing og oppattrydding

Eit liten tilbakeblikk på sjøsetjing og oppattrydding tidlegare i år:





26. april kome skuto på sjøen kl 09.50. Her er ein liten rapport frå dugnadsgjengen:
Ola Kvamme, Ingvar Simmenes, Leif Tysse, Knut Vedaa, Kjell Vedaa, Per Gamersvik og Andreas Stamnes sytte for det. Veret var fint, men floa var litt liten. Skuto lak so mykje, endå me hadde hatt grease i rævene, at Ola måtte nappa ho siste stykket ut or støa med "Vedafjord".
Skuta har allerie hatt ein tur utpå sjøen. Den kan du lesa meir om her.

Elles er skutenaustet no rydda etter sjøsetjinga. Dyvik-båtane fått førebels plass, og fjæra rydda for rekved, rusk og rask.

Skutefolket ynskjer god sommar frå naustet, 
og håpar me treffest ombord!

tirsdag 4. mars 2014

Dugnadar våren 2014

No er det på tide å klargjera Brørvikskuto for ein ny sesong på fjorden, og det er som vanleg bruk for "all slags folk": Kaffikokarar og lappesteikjarar er like velkomne som tjørebreiarar og andre nevenyttige. 

Det går skyssbåt frå Stamnes kai til Kvamsholmen på dei oppsette tidene. Kontaktpersonen svarar gjerne på spørsmål om du lurar på noko.

Sjå kva dag DU kan stilla, og merk av i kalendaren!

Tirsdag 01. april Kl 18.00-21.00: Ola/Eldfrid - 97 14 20 85
Laurdag 05. april Kl 11.00-16.00: Sveinung - 90 04 31 58

Mandag 07. april Kl 18.00-21.00; Liv og Ben. - 90 97 61 37
Torsdag 10. april Kl 18.00-21.00: Trygve og Oddny - 99 64 25 90
Tirsdag 22. april Kl 18.00-21.00: Ove Gunnar - 90 84 14 45

Laurdag 26. april Kl 11.00-16.00: Kjell Arnstein - 90 27 17 61
Mandag 28. april Kl 18.00-21.00: Andreas - 91 75 16 68
Onsdag 30. april Kl 18.00-21.00: Ola og Eldfrid - 97 14 20 85
Laurdag 03. mai Kl 11.00-16.00: Oddny og Trygve - 99 64 25 90

søndag 10. februar 2013

Kledd skutenaust

Senior-gruppa har jobba skjortene av seg i vinterkulda, og no er eit delmål nådd:
 
Skutenaustet er inn-kledd!
 
No er det “berre” taket att!
....Og so skukk til dei gamle robåtane.
....Og so rydda ut stein, og “kulta” opp nordste del av grunnen.
....Og so å laga glide-støtte til skuto ved land- og sjøsetjing.
....Og so å få orden på ferskvatnet.
....Og..., og..., og...!
 
Kjekt å ha nåke å gjera!
 

 

tirsdag 8. mai 2012

Robåtar i Dyvika

Den 03.mai var ein gjeng med skutefolk i Dyvika for å henta to verneverdige Haldorbåtar.

Nils Dyvik har vore i kontakt med Vaksdal kommune og ynskjer at robåtane skal verta tekne vare på. Kommunen kontakta Skutefolket og me vil hjelpa til med oppbevaring av dei i Skutenaustet. Det lyt utførast ein god del arbeid før båtane får ei god lagring, men no er dei komne under tak i sin nye heim på Kvamsholmen.


søndag 22. april 2012

Tjør på

"... men tjør ikkje på meg!"
"Nei, no må me ikkje tjøre oss opp i eit hjørne!"


Det mangla ikkje på ordspel på laurdagens dugnad på Kvamsholmen. Her er eit lite referat:

Dagens oppdrag var å få Brørvikskuto tjørebreidd. For at tjøra skal verte råd å smørje utover, må den varmast opp. Me vart einige om å ikkje gjere slik me alltid har gjort - nemleg å ha stormkjøkkenet med tjørepanna ombord i skuta. Det har gått fint til no, men kombinasjonen open eld, brannfarleg væske og trebåt er ikkje heilt god, og denne heller tvilsame praksisen vart altså avskaffa! Dei matansvarlege laga til benkar og langbord av nedsaga stubbar og plank, og i pausen vart det pølsegrilling med kjeks og kaffi attpå. Skuta vart tjørebreidd både inni og utanpå, og no gjenstår berre beising og eit strøk med Kystolje. Det vert oppdrag på neste dugnad.



Du, kor godt det smakar med litt mat attpå ei arbeidsøkt i friluft!

Torsdag 26.april har du også sjansen. Då er det ny dugnad.
Møt på kaien hans Ola kl 18.00 så får du skyss ut på holmen - og heimatt!