Viser innlegg med etiketten Andre båtar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Andre båtar. Vis alle innlegg

onsdag 11. september 2013

Matfestival i Bergen

Vikingpizza med fisk, sunt snop i form av tørka eple frå Ålvik og premiert laks frå Leiro var noko av det ein kunne finna på Bergen Matfestival helga 6-8. september (tidlegare kjend som Torgdagane).

Det var tettpakka med folk mellom bodene, og mykje liv og røre i Bergen - og ved Bryggen, framom baugen for D/S Oster, låg Brørvikskuto!

Folk stimla saman for å sjå og høyre kva dette var for ei skute, og ein gasta gjeng Skutefolk forklarte så godt dei kunne om "frakting av ved til byd'n" og "ti meter lange årar". I tillegg lokka Helene, Liv og Torill folk med dufta av steikte lappar, medan Ola, Ove Gunnar og Ben underheldt med trekkspel og rytmestokk (med sko i eine enden og bjøller i hin...).

Her er nokre bilete frå hendinga, men har du fleire så send dei gjerne til susanne.leiren@gmail.com







onsdag 28. august 2013

Torgdagane i Salhus (og litt til)

Skuto er stadig ute i den store verda. Komande helg er det i Salhus det skjer!

Laurdag og sundag,
31.august og 01. september,
finn du skuta ved kaien på arrangementet
"Torgdagar i Salhus"

Ta kontakt med Andreas på tlf. 91 75 16 68 eller på mail: as@scanergy.no, dersom du vil hjelpa til.
Her er både store og små kjekke oppgåver til alle interesserte.

Her er informasjon frå arrangørane:

Norsk Trikotasjemuseum, lokale kunsthandtverkarar og frivillige organisasjonar i Salhus inviterer publikum til Tordagane med ein mengde aktivitetar for born og vaksne.

• Kunsthandtverkarar, matprodusentar og andre syner og sel produkta sine.
• Idrett, fotball, turn, musikk og song kan opplevast i ulike konkurransar.
• Frå scena får publikum oppleve song, musikk og noko nytt og spanande.
 
Norsk Trikotasjemuseum i Salhus har ope laurdag og søndag med omvisningar, film, utstilling, kulturminneløype, arrangment for barn, kafe og museumsbutikk kl.12-17. Skiftande utstilling: LUDO UTOPI av Øyvind Pål Farstad

***

Minner også om at Brørvikskuto skal til Lyngheisenteret på Lygra og segla med skuleklassar, 3.- 5.sept. Her er no fullt mannskap, så det er ikkje høve for fleire å vera med.
***
 
Etter det ber det til Bergen på
”Bønder i byen”,
helga 6.- 8 .september.
Då vert skuta å finna i Bergen, truleg ved Bryggen saman med D/S Oster og andre veteranbåtar. Meir info om desse dagane finn du på:  http://www.matfest.no
Andreas svarar på spørsmål kring Skutefolket si deltaking på arrangementet.
Finn fram kvitaskjorta og vest eller torgkone-klede, og kom til byn og skap den rette stemninga omkring skuto!

onsdag 20. mars 2013

Dugnadssesongen startar i Rosendal


Laurdag 06. april
 
startar me dugnads-sesongen med ein felles inspirasjonstur til Rosendal for å sjå på restaureringa av «Gurine». Knut Skåla gler seg til me kjem, og vil vera vår guide.
 
Me ordnar oss med bil og «kjøring i lag» sjølve, men satsar på å møtast ved ferjekaien i Gjermundshavn litt før kl 11:00. Ferja går kl. 11:00. Så tek me ferja over til Årsnes. Etter det held me i lag!
 
Ta med deg gode klede, niste og ein thermos med noko varmt i!
 
... og kanskje har du ein nabo 
som treng å kome ut av vinterdvalen også? 

tirsdag 8. mai 2012

Robåtar i Dyvika

Den 03.mai var ein gjeng med skutefolk i Dyvika for å henta to verneverdige Haldorbåtar.

Nils Dyvik har vore i kontakt med Vaksdal kommune og ynskjer at robåtane skal verta tekne vare på. Kommunen kontakta Skutefolket og me vil hjelpa til med oppbevaring av dei i Skutenaustet. Det lyt utførast ein god del arbeid før båtane får ei god lagring, men no er dei komne under tak i sin nye heim på Kvamsholmen.