Viser innlegg med etiketten Møte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Møte. Vis alle innlegg

tirsdag 21. februar 2023

Referat frå MØRKETIDSSAMLING for SKUTEFOLKET, tirsdag 21. febr.2023

 

Ti medlemer møtte: Andreas, Anita, Per, Henning, Trygve, Oddny, Lars Olav, Ola,

Eldfrid og Kjell Arnstein.

 

·       Me byrja med å snakka om Skutefolket sin blogg.  Denne har vore litt forsømt, mykje av at medlemene ikkje har sendt inn stoff til redaktør Susanne.  Me valde ei lita gruppe som vil sjå på dette:  Susanne, Andreas, Lars Olav og Oddny.  Oddny kallar inn til møte.

·       Det er vorte nye, strenge reglar for kor mange passasjerar  me har lov å ta med ombord i Brørvikskuto, 12 pass. + mannskap. No er det litt usikkert om det er andre reglar for skuleborn/barnehagar. Dette på me prøva å få klarheit i.

·       Me må flytta landtauet til Skuto når ho ligg på Stamnes.  Kjell Arnstein tilbyr at Skuto kan fortøyast på hans eigedom, og då kan me bruka same ilen som no. 

·       Kai-kranen på Kvamsholmen: Spelet må flyttast/justerast.

 

·       Her kjem nokre datoar som de må merka deko:

·       Vedlikehald / synfaring av seglet (Bedehuset):  tirsdag 28. februar kl 18.00.  Ola tingar huset.

·       Neste Mørketidssamling + Årsmøte (Grupo):  tirsdag 21. mars kl 18.00.

Då vert det sett opp datoar for dugnadar til klargjering / vårpuss av Skuto.

Me har som mål: 

Sjøsetjing av Skuto laurdag 6. mai 2023 kl 12:00

Fjordadag i samarbeid med Stamnes Idrettslag: Forslag på søndag 4. juni 2023

Fiskefestival  (stand med lappesteiking/prøva å rekruttera nye /unge medlemer?) lørdag 29.juli 2023

Brudlaup / måga skuto?  lørdag 19. august 2023

 

Takk for hyggeleg samvær! 

Håpar me vert fleire neste gong!  Det vert god tid til å skravla innimellom, og godt med plass i

Allaktivitetshuset i Grupo.  Og så er det alltid kjekt å koma saman!

 

Helsing Skutefolket

Oddny (skrivar)

onsdag 23. januar 2019

Mørketidssamlingar 2019

Kveldane er mørke, og vegane glatte - og det er igjen tid for Skutefolket sine årlege MØRKETIDSSAMLINGAR der komande dugnadar og aktivitetar vert planlagd. Me ynskjer gamle og nye Skutefolk hjartleg velkomne!

Stad: SJØTUN

Datoane er:
Tysdag 29. januar kl 19:00
Tysdag 26. februar kl 19:00
Tysdag 26. mars kl 19:00 

(26. mars er det også årsmøte)


torsdag 18. januar 2018

Mørketidssamlingar 2018

Sola har snudd og det igjen tid for Skutefolket å samlast. Me inviterer også i år til mørketidssamlingar i SJØTUN for å samtala om året som gjekk - og leggja planar for året som kjem. Møtetidene er som fylgjer:
Tysdag 30. januar kl 19:00
Tysdag 20. februar kl 19:00
Tysdag 20. mars kl 19:00 - ÅRSMØTE 

tirsdag 14. februar 2017

Mørketidssamlingar 2017

No er det tid for MØRKETIDSSAMLINGAR att.

Igjen møtest Skutefolket i "Sjøtun” på Stamnes for å mimra om året som gjekk - og leggja planar for året som kjem.

Datoar for årets treff er:
Tysdag 31. januar - kl 19:00
Tysdag 28. februar - kl 19:00
Tysdag 28. mars - kl 19:00 (ÅRSMØTE)

onsdag 6. januar 2016

Mørketidssamlingar 2016

På mørkaste tida, samlar Skutefolket seg igjen til å prata litt om året som gjekk - og mykje om året som kjem. Noter datoane for mørketidssamlingar, og møt opp til god drøs i godt selskap:

Tysdag 26. januar 2016 kl 19:00
Tysdag 23. februar 2016 kl 19:00
Tysdag 15. mars 2016 kl 19:00 (ÅRSMØTE)

Stad: “SJØTUN” på Stamnes

torsdag 29. januar 2015

Dugnadar våren 2015

På mørketidssamlinga 26. januar hadde 10 trufast skutefolk ein triveleg kveld med kaffi, prat og planleggjing av vårens aktivitetar. I tillegg til vanleg vårpuss og vask, vart det sett opp at ein også skulle skifta ut øydelagt spant, vøla til ny dørk og reparera segl (evt. sy på 1 rev til).

Desse dugnadsdagane er sett opp for vask og vårpuss på skuto (alle etter påske):

Torsdag 09. april
Laurdag 11. april
Mandag 13. april
Torsdag 16. april
Laurdag 18. april
Mandag 20. april
Torsdag 23. april
Laurdag 25. april
Mandag 27. april - AVLYST
Torsdag 30. april

Laurdag 02.mai

Her er referat frå vårens siste dugnadar:
"Torsdag 30. mai var siste offisielle dugnad. Då sette vi inn nytt spant og festa med trenaglar som Ove Gunnar hadde dreia. Ove Gunnar og Kjell A. hadde tidlegare vore i marka og funne emne, skåre til, og vore ute på holmen minst to gonger for å passa det til. (Sjå bileta nedanfor.) Denne kvelden dukka Norvald opp også. Han hadde nett feira 80 årsdag så vi hadde ei lita samling på skuteloftet med brus og bollar."

"Skuta vart gjort ferdig for sjøsetjing laurdag 2.mai. Då vart mellom anna nye-spantet smurt ferdig, naglane smidd, bunnlinja smurd, og pumpa testkjørt. Det er kjøpt inn materialar til nytt de
kk."




lørdag 17. januar 2015

Mørketidssamlingar 2015

No når eit nytt år er i gong, samlast Skutefolket igjen til trivelege mørketidssamlingar i "Sjøtun". 
For i år er desse datoane sett opp:

Måndag 26. januar kl 19:00 
Måndag 23. februar kl 19.00

Møt opp til god prat og planleggjing av årets aktivitetar.

fredag 31. januar 2014

Måndagstreff i mars 2014

Det var samla 10 skutefolk i Sjøtun mandag 27. januar som hadde ei riktig kjekk og nyttig pratestund. No lyt vårens og sommarens arbeid og moro med Brørvikskuto planleggjast, så ta gjerne turen på dei oppsette møta i mars!
Komande datoar for måndagstreff er:

Måndag 3. mars 2014 kl 19:00 ... Mørketids-samling

Måndag 24. mars 2014 kl 19:00 ... Årsmøte

Begge kveldar i Sjøtun.



mandag 4. mars 2013

Årsmøte for 2012


Måndag 11. mars kl  19.00
vert det helde årsmøte for Skutefolket 2012
i «Sjøtun» på Stamnes.
Det vert enkel servering.
Velkomen til ein triveleg kveld saman med trivelege folk!
 
Etter årsmøtet vert det orientering om Skutefolket si deltaking på «Fiskefestival og Kulturdagar i Stamnes» 2013, og om vidare dugnad på skute og naust.


tirsdag 29. januar 2013

Endring av datoar

Dei to neste måndags-samlingane (februar og mars) vert flytta til den NEST-siste måndagen i månaden! Dette er grunna vinterferie 25. februar og påske 25. mars.
 
Nye datoar er altså mandag 18. februar og mandag 18. mars
Oppmøte som før, kl 19:00 i Sjøtun.
 
Elles kan det opplysast om at årsmøtet vert 11. mars. Innkalling kjem!

søndag 20. januar 2013

Siste måndag i månaden

Godt nytt år, Skutefolk!
Det vert tre “sistemåndagimånaden-samlingar” i vår,
denne gongen i SJØTUN:

Måndag 28. januar
Måndag 25. februar
Måndag 25. mars
 Oppmøte kl 19:00
TEMA:
Refleksjon over året som gjekk
Draumar og tankar om året som har teke til
Godprat

mandag 16. april 2012

Aktive styremedlemmar

I dag var det styremøte i Skutefolket. Fleire av styremedlemmane kom køyrande frå bynære strok, og Ola'en skyssa dei ut på Kvamsholmen. Men før dei tok fatt på sjølve styremøtet, vaska og skrubba dei jammen heile skuto inni! Snakk om effektivitet!

Og sidan var det kaffi og seriøse drøftingar (!) ombord i “Veafjord” der det var varmt og godt. No er skuto klar til å smørjast på neste dugnad.

Møt opp på kaien på Stamnes, og vert med å svinge tjørekosten du også!
Laurdag 21. april kl 10:00



mandag 26. mars 2012

Møte for alle SKUTEFOLK

På årsmøtet i februar vart det enigheit om at Skutefolk kvart år møtast “den siste måndagen i månaden” i januar, februar og mars.

I idag er ein slik måndag.

Stad: Kjellaren i grendahuset
Tid: 19:00