fredag 13. april 2012

Dugnad i Skutenaustet

Det var dugnad på Brørvikskuto torsdag 12. aril 2012, og her kjem ein liten rapport:

10 personar dukka opp på kaien og vart med på Kvamsholmen. Oppgåva denne kvelden var å flytta Skuto sine eignelutar frå Ola si sjøbu og inn i nye eigne lokaler.

Arbeidet gjekk fort og greit, og så var det kaffi og prat på kaien. Stilt og fint, og fuglesong i lia over fjorden. Det var synfaring på Skuto for å finne ut kva som må gjerast først og sist på dugnadar framover. I fjor smurde me skuto med Kystolje innabords. Det viser seg å ikkje vera så heldig, så no må ho vaskast inni, og smørjast med tjøre som tidlegare. Me prøver å få vaska ho på eit litt utvida styremøte på mandag, slik at ho får tørka, og kan smørjast utvendig på neste dugnad.

Neste dugnad er laurdag 21. april, kl 10:00 frå Stamnes.

Drøsen gjekk lett - som han plar gjera på holmen!

Skutefolk med godt humør!


Skutefolk også godt handalag,.
... velutvikla ordenssans,
...og auge for detaljar!
 Ein vårkveld på Kvamsholmen kan verkeleg anbefalast!

Ingen kommentarer: