tirsdag 30. april 2019

Skutedugnad 27.april 2019

Rapport frå dugnad på Kvamsholmen, laurdag 27. april 2019:
Fem effektive karar møtte, og  gjorde skuto klar for utsetjing.
Dette vart gjort:To karar bunnsmurde skuto utanbords, medan tre karar la ned dørken, monterte løftinga, senka ned masta og beisa den, beisa vengtak og tofter, tok ned årane og råa og beisa desse.
Den yngste fekk læra å setja inn NYGLA på rett måte. Det vart også vist korleis ein senkar ned PUTANE og smurt bakom dei. MEN.... Ein av bunnsmørjarane oppdaga ein laus trenagle under vannlinja, den var heilt laus og kunne berre plukkast ut. Den var knekt mellom hud og spant, hadde tørka opp og var heilt laus. Denne må lagast ny, skuto kan ikkje sjøsetjast før dette er utbetra! Bortsett frå dette med naglen hadde me ein fantastisk fin dag på Holmen, og dei eldste er imponerte over dei yngste sitt gode humør,  arbeidvilje- og evne!

Ingen kommentarer: