Ti medlemer møtte: Andreas, Anita, Per, Henning, Trygve,
Oddny, Lars Olav, Ola,
Eldfrid og Kjell Arnstein.
· Me byrja med å snakka om Skutefolket
sin blogg. Denne har vore litt forsømt,
mykje av at medlemene ikkje har sendt inn stoff til redaktør Susanne. Me valde ei lita gruppe som vil sjå på dette: Susanne, Andreas, Lars Olav og Oddny. Oddny kallar inn til møte.
· Det er vorte nye, strenge reglar for
kor mange passasjerar me har lov å ta
med ombord i Brørvikskuto, 12 pass. + mannskap. No er det litt usikkert om det
er andre reglar for skuleborn/barnehagar. Dette på me prøva å få klarheit i.
· Me må flytta landtauet til Skuto når
ho ligg på Stamnes. Kjell Arnstein
tilbyr at Skuto kan fortøyast på hans eigedom, og då kan me bruka same ilen som
no.
· Kai-kranen på Kvamsholmen: Spelet må
flyttast/justerast.
·
Her kjem nokre datoar som de må merka deko:
· Vedlikehald / synfaring av seglet
(Bedehuset): tirsdag 28. februar kl
18.00. Ola tingar huset.
· Neste Mørketidssamling + Årsmøte
(Grupo): tirsdag 21. mars kl 18.00.
Då vert det sett opp datoar for dugnadar til klargjering / vårpuss av
Skuto.
Me har som mål:
Sjøsetjing av Skuto laurdag 6. mai 2023 kl 12:00
Fjordadag i samarbeid med Stamnes Idrettslag:
Forslag på søndag 4. juni 2023
Fiskefestival (stand med lappesteiking/prøva å rekruttera
nye /unge medlemer?) lørdag 29.juli 2023
Brudlaup / måga skuto? lørdag 19. august 2023
Takk for hyggeleg samvær!
Håpar me vert fleire neste gong! Det vert god tid til å skravla innimellom, og godt med plass i
Allaktivitetshuset i Grupo. Og så er det alltid kjekt å koma saman!
Helsing Skutefolket
Oddny (skrivar)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar