tirsdag 14. mars 2023

Om reparasjonen av Brørvikskuto

[Skrivet er forfatta av Lars Olav Eilifsen, 14.mars 2023]


Det som er skifta:

- eit band og fem opplengjer.

- to lengder av Remo og Fastabordet, fyrste og andre bordet, styrbord midtskips.

- to kortare lengder av 4. og 5. bordet på styrbord baug.

- vel 5 m esing midtskips styrbord


Som emne til opplengjer og band nytta me krokvaksen furu. Det var mykje tennar, reaksjonsved. Dette er sprø og svak ved. Denne er i yttersvingen, me nytta innersvingen nærast mogeleg yta, då denne er sterkast. Det kom med noko vannkant, det er både sterkt og stilrett.


Borda som er sette i er av god kvalitet, teken nær midt i fyrstestokken. Dei har retta inn, like eins som Hans Brørvik gjorde det. Det er høvla sifar, som si brukte me bomullstråd bløytt i tjøre. Sua er og tjøresmurd. Borda er heller beine så me sette dei turre i. Borda på styrbord baug vart stima og førehandssvøygde før tilpassning. Alle skaringar var omlag 4".


For å gjere esinga mjuk nok til isetjing, senka me ho i fjorden på vel 20 famnar. Der låg ho i to døger før me drog ho opp, svøygde ho og sette ho i press. Esinga var framleis heller stiv. Etter to døger slik, vart esinga montert. Isetjinga medførte noko treing, det gjekk greit då ho no var mjukna mykje. Esinga er av god ved, al, geite og litt vannkant. For å få al mot skutesida er retta ut.


Trenaglar av furu med åretta og jarnsaum med ro er nytta som opphaveleg.

Under skuto har vore nokre sprikker i eit bord i fleire år. Desse har vore plagsame ved sjøsetjing. Sprikkene vart frest ut gjennomgåande med 16 mm fres, og limt i list med epoxy.

Ved styrbord keipe er og limt i eit stykke på Remo, samt laga ny støtteklosse til keipen.

Ingen kommentarer: